Tuesday, December 19, 2006

Endinga


Det er stilt i gangane her på jobben. Jula heng i vindauga til kollegane mine. Julepynten dei kjøpte då me var på seksjonstur i Stockholm for nokre veker sidan. Eg har aldri vore særleg pynten av meg, men eg er glad når andre gjer det. Det er koseleg å sjå på og eg høyrer dei småpludrar ute i gangen og flirer litt over eigne påfunn. Eg luktar clementinar og tar turen innom den store glasbolla med twist som står på naboen sitt kontor. Det er andre gongen i dag, men eg tenkjer at nokon jo må ete den grøne med cocos, så då er det liksom lov. Det luktar clementinar og kaffe. Det er ei god stemning her.

Snart er eg ute herifrå. I går åt vi kake og eg fekk blomar og ord med på vegen. Det er berre 5 månader sidan eg fekk blomar og ord på vegen i den føre jobben eg var på og eg kjende dei att, desse orda, både frå sjefen og min eige munn.







Avskjedar inneheld visst alltid det same; nokre refleksjonar over tida då du kom, eit par blikk på vegen du har tatt og så eit ynskje med vidare. Nokon seier at dei vil sakne deg og nokon meiner du nok kjem att. Eg kan ikkje anna enn nikke og takke, ete litt meir kake og gle meg over blomane og kortet med alle underskriftene frå kollegane mine. Eg har allereie fleire slike, det er noko med å vere i korte engasjement her i staten.

Eg kjem til å sakne dei, menneskja eg kjenner dagsandleta på.
Fem dagar i veka har eg møtt desse andleta i gangen, på møteromma, i kantina, rundt kaffibordet. Fem dagar i veka har me diskutert, vore konstruktiv, blitt kjei, kasta saksmappar i veggen (kan hende er det berre meg), me har snakka i telefonen, så høgt at naboen har gådd og offa seg høglydt og lukka kontordøra di med eit smell, me har oversedd kvarandre, me har bede om orsaking, me har klaga til kvarandre, sendt kvarandre talande blikk over møtebordet, me har gått ut i lunsjen og tatt ein kaffi med tilbake. Me har spurt kvarandre om ferien, om bilen, om vaskemaskina, om korleis er det no at du gjer dette då, me har gitt kvarandre komplimentar, stroke kvarandre på armen, sagt velmeinande ord. Eit par gonger har me drukke oss full og dansa, med kvarandre, det har me snakka ein heil del om etterpå, og smilt av. Jau, eg kjem verkeleg til å sakne dei, kollegane mine. Dei er fine menneskje. Kan hende er det litt spesielt fordi me alle er arkeologar. Eg kjenner på ein måte igjen fellesskapet frå studietida mi, korleis me har hang til mykje av dei same spørsmåla og undringa. Kan hende gjer det noko med fellesskapsfølinga eg kjenner hos dei? Eg veit det ikkje, men eg håpar at dei vil tenkje på meg på same måten.



Og ute i den yttarste gangen sit den eldste, han me aldri snakkar med, men som er sjølve symbolet på oss og staden me jobbar. I kvit konservator-frakk, sit han der og kjik og kjik nedi fortida. Og eg hastar forbi glaset og tenkjer at tida går framover og samstundes står ho nesten som stille.

Og no tar eg min frakk og går...

2 Comments:

Blogger kysten said...

Godt nytt år! Det er fin lesning det som kommer ut på bloggen din. Nå har jeg og min blogg kommet oss ut av vinterdvalen, og det er igjen en slags framgang på min blogg.

1:29 AM  
Blogger Samstundes said...

This comment has been removed by a blog administrator.

5:53 AM  

Post a Comment

<< Home