Friday, October 06, 2006


Eg var i Bohuslän i helga, for å klatra. Eg var glad for å komme meg ut av byen og møtet med den svenske skjærgarden og havet var herleg. Veret sto innover land med elingar og sjøsprøyt opp mot klatreveggen, og vinden piska rundt øyra. Alle hadde vi møtts kvelden før og utveksla fyrsteinntrykk som vi målte kvarandre med. Her hadde eg vore skrekkeleg barsk og tøff i trynet. Eg hang i veggen då eg høyrde det fyrste rabalder frå dei svarte skyene, og mens eg firde meg ned opna himmelen seg og sende ei riktig haglskur over oss. Eg gliste, for eg var ein riktig nordlending som ikkje syns at dårleg ver var noko å skrike opp om. Men då det fyrste lysglimtet knitra for augo mine, kom eit skrik. Det var eit jammer av eit dødsrop og det kom frå meg. Då eg opna augo låg eg og klamra meg fast i leggen til klatrekompisen og oppdaga at eg ropte for bare livet. Eg keik opp på eit flirfullt andlet og forsto at eg hadde drite meg litt ut. Det tøffe trynet mitt held ikkje lengre. Men ut frå samtalen vidare forsto eg at eg samstundes fått ein venn. Og då eg seinare kasta meg ut i vatnet, i ei svart natt med lysande morild rundt meg, og høyrde primalskrik frå dei tøffe gutane, var det eg som flirte litt. Kaldt vann gjer noko med menneskjer, særleg mannemenneskjer..

0 Comments:

Post a Comment

<< Home