Vertshuset heimefrå på Majorstuen
Eg sto ute på ei trafikkert gate og vifta med handa etter ei drosje. Det var laurdag ettermiddag og eg var altfor seint ute. Eg skulle på eit KomedieShow, for fyrste gong, og då eg stod der og vifta med handa, i ein liten drakt for anledninga, merka eg at det også var ein fyrste gong for dette. Ein klisjé av ei ung, urban kvinne heiv seg inn i bilen og meldte frå til ein glisande sjåfør at han skulle køyre satans fort. Han spølte av garde og på 6 minutt var vi framme, og hadde jamvel rukket å diskutere både innvandringspolitikk og dialektar i Noreg. Med ei rekkje komplimentar rikare rakk eg både drink i baren og det trasige showet. Høgpulsen frå minuttane før det heile, var fordufta og me var med eitt ein litt lurven gjeng som var både svolten og tørst. Me var mange, me hadde ikkje bestilt bord og me var på trendy Majorstuen. Med svolten bitande i magen vassa me rundt mellom sushi og wok, curry og cash, parfyme og glitter – og overalt var det fulle hus. Mens me stod der slukøra og nokon artigkarar hadde begynt å meine at forslaget om pølse på Narvesen verkeleg var ein god ide, såg me med eitt eit vaskekte Vertshus. Me titta inn på brune veggar og rutete gardiner gjennom dei små gluggevindauga, og såg berre ledige bord. Innanfor dufta det av brunsaus og brunt vertshus og innehavaren var blid, frå Marokko og bad oss vennleg om å sitte ned. Øl kom raskt på bordet og på menyen hadde han karbonadar med stekt lauk og erter. Smilet kom attende og varmen og gleda spreidde seg kring bordet, mens me keik på lamper med strikkavottar, bordbein med skisko, utstoppa fuglar og anna utsmykking. Og medan eg sat der i den litle drakta mi som nett både hadde køyrd drosje og vore på show på Chateau Neuf, sank eg ned i stolen og åt karbonade og kjende at det var som å vere på kroa der heime.

0 Comments:
Post a Comment
<< Home