Thursday, September 21, 2006

Samstundes, ein annan stad -
Staden er Noregs største by, og her sit eg. På tredje året sitt eg her og les bloggar frå Varanger, og bloggar som er laga av utflytta menneskje frå Varanger, og eg kjenner meg ikkje lite som ein snik. Eg følgjer med på vêret, sjekkar om hausten er komen, om sola skin og korleis ho skin, om folk sitt daglege gjeremål, artige hendingar som eg kjenner meg igjen i, kven som er ute på byen, på festivalar, kva dei driv med. Og det er fine bileter, og det er inspirerande tekstar om sakar og hint. Og eg kjenner at kan hende skal eg òg gjere noko slikt. Kan hende skal eg vere med samstundes frå ein annan stad, frå eit anna liv. Og det må eg gjere på nordnynorsk, for det gjer meining for meg. Det er lenka som starta med varangertankane og blei til bensintankar og som no har reist avgarde og gjort eit opphald i staden, og ikkje istaden for, men samstundes, i lag med.

1 Comments:

Blogger Lydonen said...

gode greier, vi vil ha meir!!

5:25 PM  

Post a Comment

<< Home