Friday, October 27, 2006



Bonny Bud
"Hei, slepp du oss inn, vi har sofa til deg". Eg trykte på nøkkelsymbolet, det buzza i øyret og døra 10 etasjar lengre ned var open. Spent sto eg utafor heisen og venta…og venta… Med ei uro i magen forsto eg det Bonny Bud meddelte då han ringte på igjen. ”Me får ikkje sofaen inn i heisen”. Eg visste det eigentleg då eg bestilte han. ”Happy Ending”, for eit makelaust namn på ein sofa. Det var nett det eg ville ha, ei lukkeleg ending og ein funky sofa. No sto beistet nede i gangen og dei kom seg ingen veg med han. Trappane var for smale og Bonny Bud med makker hadde fått ei for stor utfordring. Eg visste ikkje mi arme råd. Eg visste berre at eg var ei tåpeleg jente som hadde gått amok i sofabestilling på Internett. ”Korleis hadde du tenkt deg at vi skulle få han inn då”, spurte Bonny. - Eg skulle ha målt heisen, sa eg… Naboane som kom inn gangen keik på meg som om eg var ein kriminell. ”Vareleveransen er ein etasje nede”, sa ei uglekjerring. Jau, eg visste det… ”Me berre prøver ein gong til”, sa eg, og Bonny og makkar syntes det var eit tåpeleg forslag, akkurat som heisen var blitt større sidan sist. Men dei gjor det likevel. Og då vi bikka Happy Ending opp mot taket såg eg ein skru eg ikkje hadde fått auge på før. ”Høyr”, sa eg, - eg hentar ein skiftnøkkel, så fiksar eg det. Bonny vart med opp med putene. ”Herregud for ei utsikt” jamra han mens eg henta verktøykassa. Bonny var fortapt, han ville bu der oppe med meg. Eg, Happy Ending og Bonny Bud. På veg ned vart me bestekompisar, og då eg skrudde av den eine armen på sofaen vart eg dagens helt. Glade tok me heisen opp, og makkar syntest og at utsikta var verdt eit frieri. Og at eg var ei framifrå jente med verktyet i orden. Så drog dei medan eg skrudde saman sofaen igjen. Og til sist sat eg i min eigen Happy Ending.

Happy Ending
For deg som vil ha en myk, dyp og deilig sofa. En sofa der du kan legge deg tilbake og virkelig slappe av, og som samtidig ser bra ut. Happy Ending loves your bum.

2 Comments:

Blogger kysten said...

Det er fråmifrå billedleg lesing. Dine skrivekvalitetar er på høgde med dei store skribentane i landet. No har eg lest heile bloggen, og det har vært ei sann fornøyelse. Gler meg til følgje med framover

4:53 AM  
Blogger Samstundes said...

Kor glad eg blir. No som eg endeleg har kome meg ut av den skjebeden bloggar-trøya mi.. God Helg Helge (ah, den har eg brent inne med lenge).

5:07 AM  

Post a Comment

<< Home