Monday, October 30, 2006


Back to the 90’s.





Det var på heimvegen; laurdag. Eg hadde vore på konsert, ein roleg konsert med eit par øl. Etterpå gjekk me på bar og drakk nokre fleire øl, men framleis var det ganske så roleg. Me hadde sagt farvel for kvelden, venene mine og eg, og no skulle eg heim. Klokka var nok for mykje og eg var nok for gamal. Jau, eg skulle heim. Men på vegen, som var både ujamn og skeiv, gjekk eg meg bort i ein ikkje så smart snarveg. Eg vasa rundt i eit ganske aude område med bygningar som vitna om lagerhallar og industri; ein stad ingen jente, iallfall ikkje full, skal vere natterstid. Klassisk nok møtte eg både ein junkar og dernest ei katt som smaug seg langs med beina mine og gneldra. Natt og stille. Nei, eg skulle heilt klart ikkje vere der.

Då gjekk ei dør opp nokre meter framfor meg og eit menneskje i engledrakt kom sjokkande ut i ein røyksky. I håret blinka discolys og rundt halsen hang eit neonlysande kjede. Det pumpa ein dunkande bass frå innsida og då eg kom nærare høyrde eg at det var trance som steig og steig. Fleire skapningar med latex-kjeledress og andre effektar frå 90-talet dansa rundt innanfor med lys i kjeften og glinsande bodypaint på den bare huden som ikkje var dekt av plast og lakk. Brått sto eg inne, ved sida av dansegolvet og skjønte kor eg var. Den kjente kulden frå bunkarlokalet, varmen frå svette menneskje som dansa i ei trance, teknoen, effektane, vatnflaskene, knipsinga, dei ville blikka. Herrejemini – eg var hamna på eit godt gamaldags raveparty. Med ei herleg retrokjensle, kasta eg meg ut i trancen og merka at ei skalla ravejente frå begynninga av 90-talet pressa seg fram. Eg hadde gløymd ho, men no kom ho fram i føtene mine og eg smilte av gjenhøyret.

Nesten 4 timar seinare var eg heime igjen. Eg rota fram nokre plater og prøvde dei i spelaren. Det funka ikkje og eg kjende meg brått så sliten. Så trøytt. Eg var ikkje 22 år lengre og eg var definitivt komen meg godt over ravaren i meg. Vi er då i 2006 tenkte eg, og kom på at eg ikkje hadde sett nokre andre enn folk på min eigen alder på dansegolvet. Som ein klassefest, 20 år etterpå. Då eg vakna kjente eg at eg er gamal, men glad. Eg lengtar ikkje tilbake til 90-talet.

0 Comments:

Post a Comment

<< Home