Monday, October 30, 2006


Back to the 90’s.





Det var på heimvegen; laurdag. Eg hadde vore på konsert, ein roleg konsert med eit par øl. Etterpå gjekk me på bar og drakk nokre fleire øl, men framleis var det ganske så roleg. Me hadde sagt farvel for kvelden, venene mine og eg, og no skulle eg heim. Klokka var nok for mykje og eg var nok for gamal. Jau, eg skulle heim. Men på vegen, som var både ujamn og skeiv, gjekk eg meg bort i ein ikkje så smart snarveg. Eg vasa rundt i eit ganske aude område med bygningar som vitna om lagerhallar og industri; ein stad ingen jente, iallfall ikkje full, skal vere natterstid. Klassisk nok møtte eg både ein junkar og dernest ei katt som smaug seg langs med beina mine og gneldra. Natt og stille. Nei, eg skulle heilt klart ikkje vere der.

Då gjekk ei dør opp nokre meter framfor meg og eit menneskje i engledrakt kom sjokkande ut i ein røyksky. I håret blinka discolys og rundt halsen hang eit neonlysande kjede. Det pumpa ein dunkande bass frå innsida og då eg kom nærare høyrde eg at det var trance som steig og steig. Fleire skapningar med latex-kjeledress og andre effektar frå 90-talet dansa rundt innanfor med lys i kjeften og glinsande bodypaint på den bare huden som ikkje var dekt av plast og lakk. Brått sto eg inne, ved sida av dansegolvet og skjønte kor eg var. Den kjente kulden frå bunkarlokalet, varmen frå svette menneskje som dansa i ei trance, teknoen, effektane, vatnflaskene, knipsinga, dei ville blikka. Herrejemini – eg var hamna på eit godt gamaldags raveparty. Med ei herleg retrokjensle, kasta eg meg ut i trancen og merka at ei skalla ravejente frå begynninga av 90-talet pressa seg fram. Eg hadde gløymd ho, men no kom ho fram i føtene mine og eg smilte av gjenhøyret.

Nesten 4 timar seinare var eg heime igjen. Eg rota fram nokre plater og prøvde dei i spelaren. Det funka ikkje og eg kjende meg brått så sliten. Så trøytt. Eg var ikkje 22 år lengre og eg var definitivt komen meg godt over ravaren i meg. Vi er då i 2006 tenkte eg, og kom på at eg ikkje hadde sett nokre andre enn folk på min eigen alder på dansegolvet. Som ein klassefest, 20 år etterpå. Då eg vakna kjente eg at eg er gamal, men glad. Eg lengtar ikkje tilbake til 90-talet.

Friday, October 27, 2006



Bonny Bud
"Hei, slepp du oss inn, vi har sofa til deg". Eg trykte på nøkkelsymbolet, det buzza i øyret og døra 10 etasjar lengre ned var open. Spent sto eg utafor heisen og venta…og venta… Med ei uro i magen forsto eg det Bonny Bud meddelte då han ringte på igjen. ”Me får ikkje sofaen inn i heisen”. Eg visste det eigentleg då eg bestilte han. ”Happy Ending”, for eit makelaust namn på ein sofa. Det var nett det eg ville ha, ei lukkeleg ending og ein funky sofa. No sto beistet nede i gangen og dei kom seg ingen veg med han. Trappane var for smale og Bonny Bud med makker hadde fått ei for stor utfordring. Eg visste ikkje mi arme råd. Eg visste berre at eg var ei tåpeleg jente som hadde gått amok i sofabestilling på Internett. ”Korleis hadde du tenkt deg at vi skulle få han inn då”, spurte Bonny. - Eg skulle ha målt heisen, sa eg… Naboane som kom inn gangen keik på meg som om eg var ein kriminell. ”Vareleveransen er ein etasje nede”, sa ei uglekjerring. Jau, eg visste det… ”Me berre prøver ein gong til”, sa eg, og Bonny og makkar syntes det var eit tåpeleg forslag, akkurat som heisen var blitt større sidan sist. Men dei gjor det likevel. Og då vi bikka Happy Ending opp mot taket såg eg ein skru eg ikkje hadde fått auge på før. ”Høyr”, sa eg, - eg hentar ein skiftnøkkel, så fiksar eg det. Bonny vart med opp med putene. ”Herregud for ei utsikt” jamra han mens eg henta verktøykassa. Bonny var fortapt, han ville bu der oppe med meg. Eg, Happy Ending og Bonny Bud. På veg ned vart me bestekompisar, og då eg skrudde av den eine armen på sofaen vart eg dagens helt. Glade tok me heisen opp, og makkar syntest og at utsikta var verdt eit frieri. Og at eg var ei framifrå jente med verktyet i orden. Så drog dei medan eg skrudde saman sofaen igjen. Og til sist sat eg i min eigen Happy Ending.

Happy Ending
For deg som vil ha en myk, dyp og deilig sofa. En sofa der du kan legge deg tilbake og virkelig slappe av, og som samtidig ser bra ut. Happy Ending loves your bum.

Friday, October 06, 2006



Eg har bursdag i dag. Og då legtar eg brått heimover...

Eg var i Bohuslän i helga, for å klatra. Eg var glad for å komme meg ut av byen og møtet med den svenske skjærgarden og havet var herleg. Veret sto innover land med elingar og sjøsprøyt opp mot klatreveggen, og vinden piska rundt øyra. Alle hadde vi møtts kvelden før og utveksla fyrsteinntrykk som vi målte kvarandre med. Her hadde eg vore skrekkeleg barsk og tøff i trynet. Eg hang i veggen då eg høyrde det fyrste rabalder frå dei svarte skyene, og mens eg firde meg ned opna himmelen seg og sende ei riktig haglskur over oss. Eg gliste, for eg var ein riktig nordlending som ikkje syns at dårleg ver var noko å skrike opp om. Men då det fyrste lysglimtet knitra for augo mine, kom eit skrik. Det var eit jammer av eit dødsrop og det kom frå meg. Då eg opna augo låg eg og klamra meg fast i leggen til klatrekompisen og oppdaga at eg ropte for bare livet. Eg keik opp på eit flirfullt andlet og forsto at eg hadde drite meg litt ut. Det tøffe trynet mitt held ikkje lengre. Men ut frå samtalen vidare forsto eg at eg samstundes fått ein venn. Og då eg seinare kasta meg ut i vatnet, i ei svart natt med lysande morild rundt meg, og høyrde primalskrik frå dei tøffe gutane, var det eg som flirte litt. Kaldt vann gjer noko med menneskjer, særleg mannemenneskjer..