Friday, February 09, 2007






6. februar - ein same kryssar sitt spor



Ein same kryssar Grünerløkka - det er 6. februar og samen er glad.
Ho har sjykofta på seg. Den vippar så herleg rundt leggane der ho trippar i komagane, nærast uten ein lyd. Det er kaldt og snøen kjem i bitte små flak gjennom den sure snoen som bles frå sjyen. Det er merkeleg kor kaldt det kan vere gjennom gatene i hovudstaden, som om kuldegradane er kaldare her enn heime. Ordet surt kjem ofte fram for å beskrive kulden her. Og anna ord blir fattigare. Det er surt. Men i dag hefter ikkje samen seg med veret. Ho kjenner seg så mektig oppstemt; glad. Det er ein festdag dette. Ein dag som ikkje er feira så mange gonger før, ikkje av ho iallfall, derfor kan ho leggje kva ho vil av tradisjonar inn i dagen. Fyrste året ho feira gjekk dei i tog i bygda. Ho hadde vore på eit møte i Sør-Varanger kommune. Eit møte med rådmann og næringssjef. Ikkje eitt ord om kofta blei nemnt. Det var som om dei ville tie dagen i stykkar. Ho hugsar kor godt det var å komme tilbake til bygda si å sjå toget som gjekk frå kommunehuset. Ho fekk akkurat tid til å vere med, og dei song og ropte glade hurra, til dei til sist sprang inn i eit varmt lokale og fekk vaflar, talar og korsong.

Denne morgonen sit ho i Oslo. Åleine. Ho sit i mørket med ein kopp kaffi og får med seg heile lysninga utanfor, mens ei god plate speler minner ut over stua. Det kjennes som ein luksusmorgon. Berre frukost og musikk; ingen avis, ingen nyheiter frå radioen. Og tankane går til røtene, til opphavet, til det som må ha vore starten på ho - samen. Det er underleg å tenkje tilbake akkurat på denne dagen, å formeleg kile på sin eigen identiteten. Det kjennes riktig å gjere det nett slik. Som ein varm klem til menneskjer ho ikkje fekk møte, men som finns i ho likevel. Ei bestemor og ein bestefar ho berre har høyrd historier om. Besteforeldre frå ei anna tid, frå 1800-talet, det er nesten ikkje til å tru at det kan vere så mykje tid, så mange år mellom heilt nære blodsband. Kva er det ho ber vidare frå dei? Kor i kroppen finns arven? I augo? Håret? Musklane? I tankane kan hende?




Men ho trur det ligg i føtene.
Jau, det må vere det, røtene ligg nok i føtene. Sånn at dei kan bevege seg og samstundes slå rot der ein stoppar opp for ei stund. Det må vere slik tenkjer ho, og surrar på seg komagane før ho vippar ut døra og ut i snoen.






Utanfor Rådhuset tok Ordføraren imot samane. Sameflagget gjekk til topps mens klokkespelet i Rådhuset spelte "Sami Soga Lávlla". Eg sto saman med Erling Folkvord og kjende meg noko flirfull.

Friday, February 02, 2007

Tørrfesk og fjelltopp - sjøsamisk sedvane?!


Čieža čáppa čáhppes cizáža
Čohkkájit ja čuhket čázi
Čađa čoddaga čoavjái čoliide