Monday, March 26, 2007



Avskjed

No dreg eg - frå bloggen.
Eg er attende frå Spania og kjenner meg som eit nytt menneske.
Kan hende var det lyset, latteren, venene mine - eller at det var meg sjølv eg møtte der i veggen i El Chorro.
Eg avsluttar iallefall denne bloggen.

Ealle dearvvan - lev vel.

Tuesday, March 06, 2007

No er det at eg endeleg skal få den turen som eg jamra meg over at eg ikkje fekk i fjor.
I morgon reiser eg til Spania.
Ein ven av meg skal lage El Chorro-blogg, så følg med:
http://elchorro2007.blogspot.com/

Friday, February 09, 2007






6. februar - ein same kryssar sitt spor



Ein same kryssar Grünerløkka - det er 6. februar og samen er glad.
Ho har sjykofta på seg. Den vippar så herleg rundt leggane der ho trippar i komagane, nærast uten ein lyd. Det er kaldt og snøen kjem i bitte små flak gjennom den sure snoen som bles frå sjyen. Det er merkeleg kor kaldt det kan vere gjennom gatene i hovudstaden, som om kuldegradane er kaldare her enn heime. Ordet surt kjem ofte fram for å beskrive kulden her. Og anna ord blir fattigare. Det er surt. Men i dag hefter ikkje samen seg med veret. Ho kjenner seg så mektig oppstemt; glad. Det er ein festdag dette. Ein dag som ikkje er feira så mange gonger før, ikkje av ho iallfall, derfor kan ho leggje kva ho vil av tradisjonar inn i dagen. Fyrste året ho feira gjekk dei i tog i bygda. Ho hadde vore på eit møte i Sør-Varanger kommune. Eit møte med rådmann og næringssjef. Ikkje eitt ord om kofta blei nemnt. Det var som om dei ville tie dagen i stykkar. Ho hugsar kor godt det var å komme tilbake til bygda si å sjå toget som gjekk frå kommunehuset. Ho fekk akkurat tid til å vere med, og dei song og ropte glade hurra, til dei til sist sprang inn i eit varmt lokale og fekk vaflar, talar og korsong.

Denne morgonen sit ho i Oslo. Åleine. Ho sit i mørket med ein kopp kaffi og får med seg heile lysninga utanfor, mens ei god plate speler minner ut over stua. Det kjennes som ein luksusmorgon. Berre frukost og musikk; ingen avis, ingen nyheiter frå radioen. Og tankane går til røtene, til opphavet, til det som må ha vore starten på ho - samen. Det er underleg å tenkje tilbake akkurat på denne dagen, å formeleg kile på sin eigen identiteten. Det kjennes riktig å gjere det nett slik. Som ein varm klem til menneskjer ho ikkje fekk møte, men som finns i ho likevel. Ei bestemor og ein bestefar ho berre har høyrd historier om. Besteforeldre frå ei anna tid, frå 1800-talet, det er nesten ikkje til å tru at det kan vere så mykje tid, så mange år mellom heilt nære blodsband. Kva er det ho ber vidare frå dei? Kor i kroppen finns arven? I augo? Håret? Musklane? I tankane kan hende?




Men ho trur det ligg i føtene.
Jau, det må vere det, røtene ligg nok i føtene. Sånn at dei kan bevege seg og samstundes slå rot der ein stoppar opp for ei stund. Det må vere slik tenkjer ho, og surrar på seg komagane før ho vippar ut døra og ut i snoen.






Utanfor Rådhuset tok Ordføraren imot samane. Sameflagget gjekk til topps mens klokkespelet i Rådhuset spelte "Sami Soga Lávlla". Eg sto saman med Erling Folkvord og kjende meg noko flirfull.

Friday, February 02, 2007

Tørrfesk og fjelltopp - sjøsamisk sedvane?!


Čieža čáppa čáhppes cizáža
Čohkkájit ja čuhket čázi
Čađa čoddaga čoavjái čoliide


Wednesday, December 20, 2006


Julehelsing

Med ynskje om ei riktig god jul

Tuesday, December 19, 2006

Endinga


Det er stilt i gangane her på jobben. Jula heng i vindauga til kollegane mine. Julepynten dei kjøpte då me var på seksjonstur i Stockholm for nokre veker sidan. Eg har aldri vore særleg pynten av meg, men eg er glad når andre gjer det. Det er koseleg å sjå på og eg høyrer dei småpludrar ute i gangen og flirer litt over eigne påfunn. Eg luktar clementinar og tar turen innom den store glasbolla med twist som står på naboen sitt kontor. Det er andre gongen i dag, men eg tenkjer at nokon jo må ete den grøne med cocos, så då er det liksom lov. Det luktar clementinar og kaffe. Det er ei god stemning her.

Snart er eg ute herifrå. I går åt vi kake og eg fekk blomar og ord med på vegen. Det er berre 5 månader sidan eg fekk blomar og ord på vegen i den føre jobben eg var på og eg kjende dei att, desse orda, både frå sjefen og min eige munn.







Avskjedar inneheld visst alltid det same; nokre refleksjonar over tida då du kom, eit par blikk på vegen du har tatt og så eit ynskje med vidare. Nokon seier at dei vil sakne deg og nokon meiner du nok kjem att. Eg kan ikkje anna enn nikke og takke, ete litt meir kake og gle meg over blomane og kortet med alle underskriftene frå kollegane mine. Eg har allereie fleire slike, det er noko med å vere i korte engasjement her i staten.

Eg kjem til å sakne dei, menneskja eg kjenner dagsandleta på.
Fem dagar i veka har eg møtt desse andleta i gangen, på møteromma, i kantina, rundt kaffibordet. Fem dagar i veka har me diskutert, vore konstruktiv, blitt kjei, kasta saksmappar i veggen (kan hende er det berre meg), me har snakka i telefonen, så høgt at naboen har gådd og offa seg høglydt og lukka kontordøra di med eit smell, me har oversedd kvarandre, me har bede om orsaking, me har klaga til kvarandre, sendt kvarandre talande blikk over møtebordet, me har gått ut i lunsjen og tatt ein kaffi med tilbake. Me har spurt kvarandre om ferien, om bilen, om vaskemaskina, om korleis er det no at du gjer dette då, me har gitt kvarandre komplimentar, stroke kvarandre på armen, sagt velmeinande ord. Eit par gonger har me drukke oss full og dansa, med kvarandre, det har me snakka ein heil del om etterpå, og smilt av. Jau, eg kjem verkeleg til å sakne dei, kollegane mine. Dei er fine menneskje. Kan hende er det litt spesielt fordi me alle er arkeologar. Eg kjenner på ein måte igjen fellesskapet frå studietida mi, korleis me har hang til mykje av dei same spørsmåla og undringa. Kan hende gjer det noko med fellesskapsfølinga eg kjenner hos dei? Eg veit det ikkje, men eg håpar at dei vil tenkje på meg på same måten.



Og ute i den yttarste gangen sit den eldste, han me aldri snakkar med, men som er sjølve symbolet på oss og staden me jobbar. I kvit konservator-frakk, sit han der og kjik og kjik nedi fortida. Og eg hastar forbi glaset og tenkjer at tida går framover og samstundes står ho nesten som stille.

Og no tar eg min frakk og går...

Wednesday, December 06, 2006


Vatn i livet

"PS Kva skjer med bloggen? Mista inspirasjonen?" Eg kjende det stakk…samvitet.. Eposten frå venninna mi konstaterte det berre heilt enkelt. Eg hadde svikta bloggen min, og ho hadde lagt merke til det.

Vel har eg vore sjuk. Sjaber og dårleg, trist og lei. Ingenting har gådd som eg ville. Klatreferien til Spania gjekk i dass. I staden låg eg heime og tvihaldt på energien, med augo att og berre så vidt eg orka støyen frå eit klirrande glas. Eg kjende meg slett ikkje god på fleire veker. Min fyrste tur med trikken etter timar, dagar og veker åleine vart ei sveitt reise. Eg kjende som eg hadde fylleangst og rista beint inn i skjelettet så det skrangla. Nei, eg har slett ikkje vore frisk. Men bloggen då.. eg vart jo frisk etterkvart, og kunne vel seie noko i eteren då, kunne eg ikkje?! Jaudå, eg kunne det. Men så vart eg i staden sur, det vart berre sånn. Det var den klatreturen eg missa. Eg tenkte på alle som lider og prøvde å tenkje med empati på dei, og det hjalp jo, men nett då kom klatrefantomane heim att - og jaggu hadde dei ikkje vorte brune og såg riktig så frisk ut. Nye vener hadde dei også fått seg. Fan eg vart sur igjen, empati eller ikkje…

Men då eg kom på jobb hadde me fått noko som fekk meg til å trekkje smilet rett veg. For kva var det vel som hang på veggen utanfor kontordøra mi, om det ikkje var ei kran med vatn. Iskaldt vatn med og utan kullsyre. Og på kontorpulten sto eit glas med initialane mine på. Eit rørande påfunn i alt det merkelege. Spesielt i dette merkelege tungrodde system som kallast Staten, der ting ikkje fungerar og du slit med å få eit vettig svar frå ei leiar, med mindre det dreier seg om innkjøp av juledekorasjonar eller rutinar for loddtrekkinga. I alt dette virvar av ting ein kunne ta tak i og prøve å få ei ordning på har ein altså funne det for godt å installere vatn som kjem ut frå veggen.

Men kvifor ikkje – eg kjende eg vart glad, tross alt. Utan at eg veit kor det kjem frå, vatnet altså. Og det skal jo vere så sunt, og eg skal jo bli heilt frisk no.